Den sentralafrikanske republikken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Fransk: Unité, Dignité, Travail (Eining, stoltheit, arbeid) | |||||
Offisielle språk | Fransk | ||||
Hovudstad | Bangui | ||||
Styresett |
Republikk François Bozizé Elie Doté |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
622 984 km² (43.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
3 799 897 (124.) — 6/km² (181.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike 13. august 1960 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
4 773 mill. USD (152.) 1 163 USD (163.) |
||||
Valuta | CFA-franc | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | La Renaissance | ||||
Nasjonaldag | 1. desember | ||||
Internasjonal telefonkode | +236 | ||||
Nasjonale toppdomene | .cf | ||||
Den sentralafrikanske republikken er ein republikk i Sentral-Afrika. Landet grensar til Tsjad i nord, Kamerun i vest, Kongo-Brazzaville i sørvest, Kongo i sør, og Sudan i aust.
.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Den franske kolonien Ubangi-Shari blei til den sjølvstendige sentralafrikanske republikken i 1960. I 1966 tok J.B. Bokassa over makta gjennom eit militærkupp. Bokassa utropte seg sjølv til keisar ti år etter, men blei styrta i 1979 og landet blei igjen republikk. I 1981 tok eit nytt militærregime makta.
Landet fekk ein sivil grunnlov i 1993 som varte i ti år. I mars 2003 blei president Patasse og regjeringa hans avsette gjennom nok eit militærkupp leia av general François Bozizé. I mai 2005 vann Bozizé eit demokratisk val og er i dag statsleiar i landet.
[endre] Klima og miljø
Landet har eit tropisk klima, og sidan heile landet ligg nord for ekvator har ein regntid frå mai til september. Den årlege nedbørnormal fell frå 2000 mm til 1000 mm når ein flyttar seg frå sør til nord, og temperaturane er litt høgare enn t.d. i Kongo. Bangui kan få temperaturar opp mot 38ºC i februar og mars. Flaum er vanleg. I nord bles somme tider den tørre, varme støvvinden harmattan.
Mangel på drikkevatn, ørkenspreiing og ville dyr truga av tjuvjakt er dei største miljøproblema i landet.
[endre] Innbyggjarar
Det finst over 80 folkegrupper i landet som kvar har sitt eige språk. Dei største gruppene er bayaer (33%), bandaer (27%), mandjiaer (13%) og saraer (10%). Rundt halvparten er kristne, halvparten av desse katolske og den andre halvparten protestantiske, 35% følger innfødde religionar og 15% er muslimar.
HIV/AIDS er eit anna stort problem for innbyggjarane i landet, med 13% av den voksne befolkninga smitta (2001).
[endre] Økonomi
Jordbruk og skogbruk er hovudnæringane i den sentralafrikanske republikken, og står for halve bruttonasjonalproduktet. I tillegg er den uformelle økonomien i landet, slik at det ekstremt låge bruttonasjonalproduktet gjev eit noko misvisande bilde av fattigdom. Dei viktigaste jordbruksprodukta er kassava, peanøtter, mais, durra, hirse, sesamfrø og kokebanan. Sal av matoverskot og alkoholdrikkar brygga av dette er ein viktig inntektskilde for mange sentralafrikanarar.
Diamantindustrien har tidlegare stått for halvparten av eksportinntektene.
Skilnaden mellom rik og fattig er stor. Vidare økonomisk utvikling er hindra av dårleg infrastruktur, eit lågt utdanningsnivå og ein mislukka økonomisk politikk. Landet er avhengig av hjelp frå ei rekke land og frivillige organisasjonar, og er blitt sagt å vera «sous serum», som får intravenøs næring, av ein representant for UNDP.
[endre] Kjelder
[endre] Lenkjer ut
Sentral-Afrika |
Ekvatorial-Guinea | Gabon | Kamerun | Kongo | |