Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions Bretonsk språk - Wikipedia

Bretonsk språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bretonsk
(Brezhoneg)
Tala i: Frankrike
Område: Bretagne
Bretonsktalande i alt: ca. 300.000
Rangering:
Klassifisering: Indoeuropeisk

 Keltisk
  Øykeltisk

Offisiell status
Skriftsystem: Latinsk
Offisielt språk i:
Normert av:
Språkkodar
ISO 639-1: br ISO 639-2: bre
ISO 639-3: {{{iso3}}} SIL[1]

Bretonsk (breton. Brezhoneg) er eit keltisk språk. Det høyrer, som dei walisiske, kymbriske og korniske språka til den øykeltiske gruppa. Bretonsk blir snakka i Bretagne (i Frankrike) og er dermed det einaste moderne keltske språket som blir snakka på det europeiske fastlandet. Det blir hovudsakleg snakka i Departement Finistère (Penn ar Bed) og den vestlege delen av Departementa Côtes-d’Armor (Aodoù-an-Arvor) og Morbihan (Mor-bihan).

Innhaldsliste

[endre] Historie

Bretonsk er ikkje språket som opprinneleg vart snakka av gallarane i området, men om eit språk snakka av flyktningar og innvandrarar frå Storbritannia.

Bretonsk er nært i slekt med dei britanniske søsterspråka kornisk (Cornwall) og walisisk (Wales), særleg med kornisk. Dei viktigaste kjenneteikna til sørvestbritannisk samanlikna med vestbritannisk (= Walisisk) er overgangen frå brit. lang /a:/ til /œ/.

brit. ma:ros (stor) > breton. meur /mœ:r/, korn. muer /mœ:r/; walisisk mawr /maur/

Det er likevel ikkje mogleg for bretonsk- og walisiskspråklege å forstå kvarandre.

Språkutviklinga til bretonsk kan bli delt opp i tre periodar:

  • gammalbretonsk, fram til 1000,
  • mellombretonsk, til innpå 1600-talet
  • nybretonsk
  • Som er fjerde diakron variant er det mogleg å sjå det neobretonske, som sannsynlegvis vil overleve dei tradisjonelle nybretonske dialektane (sjå under).

Det gammalbretonske er ikkje så godt belagt, dei fleste kjeldene gjekk sannsynlegvis tapt i normanniske overfall på bretonske kloster på 800-talet. Eit kjenneteikn for fonologien i gammalbretonsk er at trykket fall på siste stavinga, til skilnad frå mellom- og nybretonsk.

Det er mange tekstar bevart frå mellombretonsk tid, framfor alt dikt, spel og religiøs oppbyggingslitteratur. I nybretonsk tid kjem det ei sterk dialektoppsplitting, som varar inn i det 20. hundreåret, til det kjem ein ny standardvariant, neobretonsk).

Det neobretonske (pejorativ også Roazhoneg) er ein standard som vart laga av språkenthusiastar i siste hundreår. Det vart danna som ei samanfatning av dei ulike dialektane, med færre franske lånord. Mange av lingvistane attom neobretonsk hadde fransk og ikkje bretonsk som morsmål, og bretonsk er dermed fonologisk og delvis syntaktisk meir påverka av fransk enn det dialektane er. Særleg trykket (nest siste staving) og dei viktige sandhifenomena blir ofte ikkje realisert. Leksikalisk er det neobretonske medvite rekeltifisiert. T.d. heiter „telefon“ i dei fleste dialektane telefon, men i neobretonsk heiter det pellgomz. Eit anna døme er mersi bras („mange takk“) som i neobretonsk - etter mellombretonsk førebilete - heiter trugarez vras.


[endre] Grammatikk

Bretonsk har mange øykeltiske trekk

Syntaks:

Bretonsk er i utgangspunktet eit VSO-språk, men utviklinga i moderne bretonsk går i retning av V2 (verbet på andre plass): i nesten alle konstruksjonar er det finitte verbet på andreplass i setninga. I tillegg er det ein tendens til at det første leddet er det som står først. (VSO-språk). Jf. denne konstruksjonen, som tidlegare vart oppfatta som ein relativkonstruksjon

Me a zebr kalz bara. („Eg et mykje brød.“ < „EG et mykje brød.“ < histor. „eg, som (egf) et mykje brød.“)

Topikalisering blir uttrykt med at setningsledded blir sett først:

Kalz bara a zebran. („Eg et MYKJE BRØD.“ < histor. „Mykje brød, som eg et.“)

Bretonsk er som finsk når det gjeld såkalla pro-drop (bortfall ag subjekt): Subjektet er obligatorisk i tredje person (eintal), men treng ikkje å bli uttrykt i setningar der subjektet er første eller andre person.


Fonologi:

Den viktigaste og mest produkive prosessen i bretonsk fonologie er sandhi, assimilasjon voer ordgrensa. Det grunnleggjande fonologiske domenet er ikkje ordet, men frasen. Slutten på frasen blir markert med utlydsherding. Innafor frasen blir ordfinale konsonantar lenisert (veikare) viss neste ord byrjar på vokal:

Emaon e Breizh. („Eg er i Bretagne.“) [e’maon e ’brejs], men

E Breizh emaon. (ditto) [e ’brejz e’maon]

I tillegg er det også stemming av initial konsonant:

Demat deoc'h! („God dag ,til dykk'!“) [de'ma·teɔx]

Bennozh Doue! („Viss Gud vil!“=„Takk!“) [,bɛnos'tu:e]

Trykket ligg på nest siste staving. Unntak er samansette ord, som ofte har trykk på siste staving.


Morfofononologi:

Eit karakteristisk drag hos øykeltiske språk er ordinitial mutasjon (bret. Kemmadurioù), som eigentleg er eit sandhifenomen.

Tabellen under gjev eit overblikk over mutasjon i bretonsk. Frasen står i parantes der det ikkje er mutasjon.

Grunnform Lenisjon Aspirasjon Proveksjon (herding)
penn – „hovud“ da benn ma fenn (ho penn)
tad – „far“ da dad ma zad (ho tad)
ki – „hund“ da gi ma c’hi (ho ki)
breur – „bror“ da vreur (ma breur) ho preur
dant – „tann“ da zant (ma dant) ho tant
ger – „ord“ da c’her (ma ger) ho ker
gwele – „seng“ da wele (ma gwele) ho kwele
mamm – „mor“ da vamm (ma mamm) (ho mamm)

I tillegg eksisterer det ein såkalla „blanda“ mutasjon, som berre råkar stemte konsonantar, og etter visse verbalpartiklar:

Grunnform Blanda mutasjon
bezan – „ich bin (normalerweise)“ e vezan
dougen – „tragen“ o tougen
goulenn – „fragen“ o c’houlenn
gwelout – „sehen“ o welout
mont – „gehen“ o vont

[endre] Politisk situasjon for språk

Talet på bretonske talarar har gått drastisk ned etter 1950-talet. I og med at den franske republikken ikkje fører statistikk for språklege minoritetar, er det stor usikkerheit knytt til desse tala. Dei fleste er samde om at det i 1950 var ca. 1 200 000 som snakka bretonsk, av dei kunne eit par titusen dårleg fransk. Då desse einspråklege døydde ut, skjedde ei relativt rask overgang til fransk, der foreldra tok til å snakke fransk med ungane sine, for å unngå å utsetje dei for språkleg diskriminering i skole og arbeidsliv. I dag er det ca. 250 000 brezhonegerien (bretonsktalande), av dei er ca. to tredelar over 60 år. Ikkje meir enn halvparten av desse bruker bretonsk til dagleg.

Bretonsk har inga offisiell godkjenning innafor den franske staten, det vart strengt undertrykt på 1800- og 1900-talet, fram til innpå 1960-talet. Heller ikkje i dag vil Postverket akseptere eit brev med ei bretonsk adresse, sjølv i område med tospråkleg skilting, og offisiell anerkjenning av det bretonske namnet. Språket blir støtta av ei sterk bretonsk rørske. Det finst brittofone (bretonsk-språklege) Diwan-skolar, og det finst katolske privatskolar og statlege skolar som har bretonsk som delvis undervisningsspråk. I dag (2005) går 2896 elevar i Diwan-skolar, 3659 elevar i katolske privatskolar, og 3851 elevar i tospråklege skolar (jf. talet på reint franskspråklege elevar - 360 000.

I desember 2004 vedtok den bretonske Regionalregjerunginga at dei skulle arbeide for at bretonsk skulle bevarast, noko som i Frankrike vart framstilt som ein sensasjon. Regjeringa satsar på å auke talet på elevar i bretonske innføringsklassar til 20 000.

[endre] Språkområdet

I 2005 er det færre enn 290.000 som forstår bretonsk, og det er ca. 250.000 som kan nakke det. Ein studie av Fañch Broudig (Qui parle breton aujourd’hui ?, 1999) fann 240.000 talarar, men mange av dei brukte ikkje lenger bretonsk til dagleg.

Berre i få familiar veks det opp barn med bretonsk som morsmål. Sjølv om desse talarane utgjer eit nettverk, er det sannsynlegvis ikkje mogleg å halde oppe bretonsk som eit regionalt språk. Sjølv om undertrykkinga av bretonsk har halde opp dei siste tiåra, står effektane av denne politikken ved lag.

[endre] Dialektar

Bretonsk kan delast inn i fire dialektar: Léonais, Trégorois, Vannetais og Cornouaillais.

  • Cornouaillais (bret. Kerneveg) blir snakka rundt byen Kemper (Quimper), og er den største bretonske dialekten, med 41 % av talarane.
  • Léonais (bret. Leoneg) blir snakka i Bro Leon (Pays de Léon), den nordlege delen av Departementet Penn ar Bed (Finistère), det er med 24,5 % den nest største bretonske dialekten.
  • Trégorois (bret. Tregerieg) blir snakka rundt byen Landreger (Tréguier) av 18 % av talarane.
  • Vannetais (bret. Gwenedeg) blir snakka rundt byen Gwened (Vannes) det er den minste dialekten, og han blir snakka av ca. 16 % av dei bretonskspråklege.

Cornouaillais, Léonais og Trégorois (dei såkalla KLT-dialektane; kort for Kerneveg-Leoneg-Tregerieg) står relativt nær kvarandre, og Vannetais står fjernare frå dei andre tre. Denne dialektsplittinga har gjort det vanskeleg å få gjennomslag for ein standard, og for eit skrftspråk. Det finst fleire konkurrerande ortografiar: Den mest utbreidde er Orthographie Unifiée (bret. Peurunvan), også kalla Zedacheg etter bruken av bokstavkombinasjonen ZH (fransk Zed Ache), som blir uttalt som [z] (stemt s) i KLT-dialekten og som [h] i Vannetais. Ein annan skilnad er trykket, som i KLT-dialekten ligg på nest siste staving og i Vannetais på siste (brezhoneg = KLT [bre-ZO-nek], Vannetais [breho-NEK]).

Dei tradisjonelle dialektane går attende, og det nye standardspråket blir brukt i radio og TV.

[endre] Uttale

Reglane nedanfor er basert på den vanlegaste ortografien (Peurunvan), som blir brukt i dei fleste publikasjonane frå Ofis ar Brezhoneg (det halvoffisielle normeringsinstituttet), Diwan-skolane og universitetet i Rennes/Roazhon.

  • a [a] som i norsk
  • ao [ɔ, aɔ], monoftong i dei fleste dialektane
  • aou [ɔʊ] som ow i engl. low
  • b [b] som i norsk
  • ch [ʃ] som norsk sj
  • c’h [x, ɣ, h] som tysk ch i Bach; mellom vokalar som h i uhu
  • d [d] som i norsk
  • e [e] som i norsk
  • ae, ê [ɛ] som i norsk æ
  • eu [œ] som ø i norsk
  • f [f] som i norsk
  • g [g] som norsk g
  • gn [ɲ] som gn i champagne
  • h [h, Ø] som norsk h
  • i [i] som i norsk
  • ilh [iʎ] omtrent som ij
  • j [ʒ] som stemt sh (j i fransk Journal)
  • k [k] som i norsk skole
  • l [l] som i norsk
  • m [m] som m, a og o foran m blir nasalisert
  • n [n] som n, a og o foran n blir nasalisert
  • ñ blir ikkje sjølv uttalt, men nasaliserer vokalen foran
  • o [ɔ, o] som i norsk godt
  • ou [u] som i norsk dum, tysk u
  • [u, o, ow, œɥ] som norsk dum, tysk u i standardspråket
  • s [s, z]
  • sh [s, h] sjelden, variante av „zh“, i KLT-dialektane som „s“, i Vannetais = ‹h›
  • t [t] som i norsk
  • u [y] som tysk ü
  • v [v] som norsk v, ordfinalt som tysk u
  • w [w] som engelsk w
  • y [j] som norsk j
  • z [z] som stemt norsk s, mellom vokalar i dei fleste dialektane stum
  • zh [z, h] i KLT-dialektane = ‹z›, i Vannetais = ‹h›


I slutten av ord blir b, d, g, j, z, zh uttalt ustemt (som p, t, k, ch, s), viss neste ord byrjar på vokal.

Døme: hi zo bras [i zo bra:s] („HO er stor“, betoning på „ho“) versus bras eo [bra:z e] („er/sie er GROSS“, Betoning på „stor“)

Her blir det same ordet, „bras“, uttalt først med stemt og så med ustemt utlyd.

[endre] Kjelde

  • Tysk wikipedia

[endre] Eksterne lenkjer


Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu