Automatikkmekanikar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Automatikkmekanikar, engelsk instrument mechanic er eit fag som kombinerer mekanikk og automatisering. Dette faget er internasjonalt standardisert.
[endre] Fagområde
Fagområdet til ein automatikkmekanikar strekkjer seg frå maskin-, stålarbeid og mekaniske fag til instrumentering, sekvensstyring og reguleringsteknikk. Dessutan har automatikkmekanikaren kompetanse innan elektroteknikk og elektronikk, og kan jobba på lågspenningsanlegg.
I fråveret av ei eiga fagopplæring innan hydraulikk, er automatikkmekanikarfaget eitt av faga som dekkjer dette området, saman med industrirøyrleggjarfaget, industrimekanikarfaget o.l.
[endre] I Noreg
Opplæringa i dette faget i Noreg er tre år på yrkesskule og eitt og eit halvt års læretid i godkjent lærebedrift, som vert avslutta med ein fagprøve. Faget vart oppretta etter nedlegging av linene for automatiseringsmontør og automatiseringsmekanikar, i Reform 94. Faget liknar svært mykje på automatikarfaget, som er et særnorsk yrkesskulefag som ofte vert rekna som eit av elektrofaga. Dei to faga skal no slåast saman, i samband med Kunnskapsløftet.
Annakvart år vert det avvikla Noregsmeisterskap i automatisering på elektro- og teknologimessa Eliaden i Lillestrøm. Dei som kan delta er elevar, lærlingar og unge fagarbeidarar i automatikar- og automatikkmekanikarfaget.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |