Athelstan av England
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Athelstan av England (angelsaksisk namn Æðelstán, norsk namn: kong Adalstein) vart fødd om lag 895 i Wessex i England og døydde 27. oktober 939). Han vart gravlagd i klosteret Malmesbury Abbey i Wiltshire.
Han var konge av England i tidsromet frå 924 til 939. Han var son til kong Edvard den eldre (King Edward the Elder). Edvard den eldre var i sin tur son av kong Alfred den store av Wessex.
Som konge av England etterfylgde Athelstan halvbror sin Ethelweard(904-924). Ethelweard døydde i Oxford etter berre å ha vore konge i seksten dagar. Det vert spekulert om Ethelweard vart drepen etter ordre frå Athelstan. I alle høve vart Athelstan konge den 17. juli 924.
Mor til Athelstan heitte Egwina og var fyrst kjend som ei fattig dotter av ein gjetar. Edvard den eldre fekk kjærleik til henne. Seinare vart mora skilda som «ei dame av adelsslekt». Såleis er det stilt spørsmål om Athelstan retteleg kunne verta konge, av di han ikkje var fødd innanfor ekteskapet. I tillegg kunne det vera at mora si ætt ikkje var god nok.
Athelstan er ofte sett på som den fyrste rettelege kongen av heile England. Han hadde militær framgang, og vann slag både over engelske rivalar og mot vikingane. Området han styrde vart utvida til delar av Wales og Cornwall. Den største sigeren kom i slaget ved Brunanburh i 937.
Sjølv om Athelstan gjekk inn i fleire alliansar knytt til familien, gifta han seg aldri og fekk ingen born. Athelstan var fosterfar til den seinare kong Håkon I Adalsteinsfostre den gode av Noreg. I dei norske kongesogene, Heimskringla, vert Athelstan omtala som «kong Adalstein».
Athelstan døydde i år 939 ved Gloucester. Halvbroren kong Edmund I av England etterfylgde han.