Askenasím
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askenasím (pl.) eller askenasiske jødar (hebraisk אשכנזי ’Aškənazzī) er jødar som stammar frå jødane i Tyskland, Østerrike, Polen, Litauen og andre delar av Aust-Europa. Tidlegare tala alle askenasiske jødar jiddisch.
Sidan 1800-talet har mange emigrert til andre land som Frankrike, USA og Israel.
Askenas (hebraisk אשכנז ’Aškənaz) er det hebraiske ordet for Tyskland, og særleg området langs Rhinen kor alemannarane budde (jfr. det franske namnet for Tyskland, Allemagne).
[endre] Askenasím i Skandinavia
[endre] Noreg
Frå kristendommen vart innført på 1000-talet fram til midten av 1800-talet var askenasím stort sett utelukka frå Noreg anna enn etter spesiell søknad om leidebrev. Etter grunnlovsendringa i 1851 fekk dei askenasiske jødane innreise-, bu- og arbeidsrett, og ei moderat innvandring i dei neste tiåra førte til etablering av mosaiske trussamfunn i Kristiania (Oslo) og Trondheim. Grunnstammen i desse trussamfunna er askenasím — hovudsakleg frå Sverige, Danmark, Tyskland, Polen og dei baltiske landa. Mindre busetnader av askenasím fanst òg i Bergen, Kristiansund, Drammen, Narvik, Tromsø og andre stader, men dei fleste av desse jødiske samfunna vart meir eller mindre utsletta under andre verdskrigen.
[endre] Sjå òg
- Askenasisk jødedom
- Jiddisch språk
- Jiddisch musikk
- Klezmer