Arne Næss
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Dekke Eide Næss (27. januar 1912) er ein norsk filosof.
Han avla magistergraden, som den yngste nokosinne, i 1933, blei dr.philos i 1936 og vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1939 til 1970. Ved tilsettinga som professor var han 27 år gamal. Han er kjent som grunnleggjaren av den såkalla Oslo-skolen og har hatt stor innverknad på universitetsutdanninga i Noreg. Næss er onkel til den avdøde finansmannen Arne Næss Jr..
Næss har skrive mye vidfemnande filosofisk litteratur, deriblant Interpretation and Preciseness (1953), Hvilken verden er den virkelige? (1969) og Økologi, samfunn og livsstil (1974). Han har også utforma seks normer for ein saklig diskusjon som blir undervist i ex. phil. og ex. fac. på mange universitet i Noreg.
Næss er også kjent som fjellklatrar, og innførte bolteteknikken i Norge. I 1950 leia han den første ekspedisjonen som nådde toppen av Tirich Mir (7 690 moh.) i Pakistan.
I 2005 vart Næss utnemnt til Kommandør med stjerne av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for samfunnsgagnleg innsats. Ofte gjev han uttrykk for at han meiner det er viktig å ha kontakt med barnet i seg. Dette kjem typisk til syne gjennom boksekampane han insisterer på å ha med reporterar som intervjuar han.
[endre] Arne Næss sine normer for ein saklig diskusjon
- Unngå tendensiøst utanomsnakk
Eksempel: Personkarakteristikkar, påstandar om motparten sine motiv, årsaksforklaringar til argument. - Unngå tendensiøse gjengjevingar
Gjengjevinga må være nøytral med tanke på stridsspørsmål. - Unngå tendensiøs fleirtyding
Fleirtyding gjer at argumentet kan tilpassast kritikken. - Unngå tendensiøs bruk av stråmenn
Dette vil seie å tillegge standpunkt åt motstandarane eit innhald han ikkje står inne for. - Unngå tendensiøse originalframstillingar
Informasjon som leggast fram må ikkje være usann, ufullstendig, skeiv og eller holde tilbake relevant informasjon. - Unngå tendensiøs utforming av innlegg
Eksempel: ironi, sarkasme, skjellsord, overdrivingar eller truslar.