Aksum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksum eller Axum er ein by nord i Etiopia som ligg ved Adoua-fjella. Byen var senter for kongedømmet Aksum som oppstod rundt år 1 og gjekk under på 1100-talet.
Ein del av det som står att etter kongedømmet i Aksum er geez-språket og arkitektonisk kunst, slik som Aksum-obelisken.
Den etiopiske ortodokse kyrkja seier at Maria av Zion-kyrkja i Aksum husar den bibelske paktarken som skal innehalda steintavlene som dei ti bod vart skrivne på. Byen blir rekna som den mest heilage i Etiopia, og mange pilgrimar reiser dit.
75 % av befolkninga i byen er etiopisk-kristenortodokse, medan resten er, sunnimuslimar eller tilhengjarar av P'ent'ay.
[endre] Bakgrunnsstoff
- ethiopiatravel.com - om Aksum (engelsk)
- selamta.net - meir om aksum (engelsk)
- newadvent.org - Aksum i Katolsk leksikon (engelsk)