Afrikas historie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette er eit oversyn over historia til Afrika. Du kan finne meir under spesifikke artiklar.
[endre] Utviklinga av homonidar og Homo sapiens i Afrika
Afrika var fødestaden underfamilien homonidar og arten homo, i alt åtte artar. Av desse er det berre Homo sapiens som eksisterer i dag.
I følgje den siste peleontologiske og arkeologiske forskinga fanst dei første homonidane for meir enn fem millionar år sidan. Desse dyra var framleis svært like dei nære slektiningane Store afrikanske aper, men hadde utvikle evna til å gå på bakføtene. Dette gav dei eit stort utviklingsmessig fortrinn fordi det gav dei ein sjanse til å leve både i skogen og på dei opne savannene. På denne tida vart det tørrare i Afrika og savannene ekspanderte medan det vart mindre skog.
For tre millionar år sidan hadde fleire typar Australepitecus homonidar utvikla seg i det sørlege, vestlege og sentrale Afrika.
Det neste store utviklingsteget skjedde for omtrent to millionar år sidan, då oppstod arten Homo habilis, den første arten av homonidar som var i stand til å lage verkty. Dette gav Homo habilis høve til å ete kjøtt. Dei brukte steinverkty til å skaffe seg åtsel frå andre rovdyr. Sannsynlegvis var ikkje Homo habilis i stand til å konkurrere med andre store predatorar om jakt, og var sannsynlegvis oftare bytte enn jeger.
For omtrent ein million år sidan hadde Homo erectus hoppstått. Homo erectus hadde rin høvesvis stor hjerne med eit volum på over 1000 kubikkcentimeter, kontrollerte denne arten den afrikanske savanna. Homo erectus var i stand til å lage ei mengd ulike steinverkty og bli ein jegar på lik linje med andre store rovdyr. I tillegg kjente Homo erectus til eld og kunne kontrollere denne. Han var den første homoniden som utvandra frå Afrika og koloniserte heile Eurasia.
Fossilar viser at Homo sapiens levde i det sørlege og austlege Afrika for 100 000 til 150 000 år sidan. Lingvistiske, kulturelle og genetiske analyser viser at et moderne mennesket oppstod på ein plass.
[endre] Neolittiske og forhistoriske kulturar
[endre] Nord Afrika
Neolittiske hellerissingar, eller petroglyfar og megalittar i den libiske delen av Sahara viser at det fanst tidlege jeger-samlar kulturar på dei tørre grassteppene i Nord-Afrika under istidene. I Sahara finn vi og tidlege døme på jordbruk. Men etter ørkenspreiing i Sahara vart busettinga konsentrert i Nildalen. Arkeologiske funn viser at primitive stammar levde langs Nilen lenge før den dynastiske historia til faraoane tok til. Rundt 6000 år fvt. dukka organisert jordbruk opp i Nildalen.
[endre] Sub-Sahara Afrika
Lingvistiske prov tyder på at Bantufolk, til dømes Xhosa og Zulu fordreiv Khoisanfolket Jordbrukskulturen til bantufolket var distinkt og passar for tropisk Afrika. Vanlege artar var kassava og yam. Denne jordbrukskulturen var i stand til å forsørgje eit større folketal enn tidlegare jeger-samlarkulturar. Det tradisjonelle bantuområdet strekkjer seg frå dei nordlege ørkenane og sørover inntil frost tar knekken på avlinga. Primærvåpna var historisk boger og stikkespyd med skjold.
Etiopia hadde ein særprega gammel kultur med tidvis kontakt med eurasia etter utvandringa av homonidar frå Afrika. I Etiopia fanst eit unikt språk, kultut og landbrukssystem. Landbrukssystemet er tilpassa dei nordlege høglanda og nyttar heilt andre vekstar enn elles. Dei viktigaste vekstane er kaffe, sorghum og eit kornslag for tørre område kalla treff.
Eldgamle kulturar fanst og langs heile Nilen og i dagens Ghana.
[endre] Historia til Afrika sør for Sahara inntil 1880
[endre] Bantuekspansjon
Bantufolket kjem opphaveleg frå området rundt Benue-Cross elva i det søraustre Nigeria. Dei spreidde seg over Afrika til dagens Zambia. Ein eller annan gong i det andre årtusnet før tidrekninga vår vart dei pressa til å ekspandere inn i dei sentralafrikanske regnskogande. Dette hang kanskje saman med at Sahara vart tørrare og migrasjon av Saharafolk inn i området deira. Omtrent 1000 år seinare tok ei ny fase med rask ekspansjon til, og Bantufolket bevega seg inn i det sørlege og austlege Afrika. Ein gong i løpet av det første årtusenet i vår tidsrekning tok dei i bruk nye jordbruksteknikkar. Desse var sannsynlegvis lært frå søraust Asia via malaytalande folk på Madagaskar. Desse teknikkane gjorde ein ny ekspansjon mogleg.
[endre] Vest Afrika
Det har vore mange store rike sør for Sahara over dei siste årtusena. Dei fleste var konsentrert i Vest Afrika der tillot godt jordbruksland og mange handelsruter slike rike å oppstå. Dei mest kjente var: Maliriket, Obariket i Benin, Kanem-Bornu riket, Fulaniriket, Dahomey, Oyo, Aroriket, Ashantiriket og Songhayriket. I tillegg var det vanleg med konføderasjonar av bystatar i området. Døme på dette er Joruba og Hausa.
[endre] Handel på tvers av Sahara
Handel mellom land i middelhavsområdet og Vest-Afrika over Sahara var viktig frå det åttande hundreåret og fram til slutten av det sekstande hundreåret. Denne handelen vart utført med karavanar av kamelar. Kamelane måtte feitast opp i mange månader anten i Sahel eller Maghrebområdet før dei kunne klare turen.
[endre] Det sørlege Arika
Store politiske einingar var uvanlege her. Det viktigaste unnataket var Zimbabwe. Rundt år 1000 hadde Bantufoljet nådd dagens Zimbabwe og Sør-Afrika. I Zimbabwe vart det første store riket i det sørlege Afrika etablert. Dette riket kontrollerte handelen frå Sør-Afrika til Zambezi. Det var handel i gull, koppar, edelsteinar, skinn, elfenbein og metallvarer med arabiske forretningsfolk på Swahilikysten. Ein gong i løpet dte fjortande og femtande hundreåret kollapsa dette riket, og hovudstaden vart forlatt.
[endre] Etiopia and Nubia
Etiopia hadde sentralisert styre i mange tusen år. Landet hadde nær kontak med Nord-Afrika og Midtausten. Kongeriket Aksum som utvikla seg der var eit stort og viktig handelsrike med handelsvegar så langt som til India.
[endre] Aust Afrika
Historisk fann ein swahilifolk så langt nord som dagens Mogadishu i Somalia og så langt sør som Rovumaelva i dagens Mozambique. Før trudde ein at Swahilifolket var etterkomarar etter persiske kolonistar, men dei fleste historikarar, lingvistar og arkeologar er no samde om at Swahilifolket er eit Bantufolk som har hatt langvarige og kontinuerlig samband med muslimske handelsfolk frå det sjuande eller åttande hundreåret. Omkring 1100 framstod swahilifolket med ein distinkt og sterk kultur med hovudbase i ei rad handelsbyar langs kysten. Den viktigaste byen var Kilwa. Ruinane av denne byen står den dag i dag.
Ein region med sterke statsdanningar var området rundt dei store sjøane. Grunnen til dette var eit rikt landbruk som skapte eit overskott. Statar som Rwanda, Burundi og Buganda var sentralstyrte.
[endre] Tidlege europeiske koloniar
I det 15. hundreåret planla prins Henrik Navigatøren, son av kong John I av Portugal å tileigne seg land i Afrika for Portugal. Han inspirerte og iverksette ei rad oppdagingsferder. Desse resulterte i at heile den afrikanske kysten vart oppdaga av europearane, og at store landområde langs kysten vart lagt under portugisisk suverenitet.
Portugisiske skip runda Kapp Bojador i 1434, Kapp Verde i 1445 og innan 1480 var heile Guineakysten kjent for portugiserane. I 1482 nådde Diego Cão munninga av Kongo. Kapp det gode håp vart runda i 1488 av Bartolomeus Dias, og i 1498 segla Vasco da Gama opp austkysten. Han gjekk i land i Sofala og Malindi og deretter til India. Portugal kravde suverenitet overalt der dei gjekk i land, men dette kravet vart ikkje gjort gjeldande i dei sørlegaste delane av kontinentet.
Guineakysten er nær Europa og vart først utnytta. Mange europeiske fort og handelsstasjonar vart etablert der. Den første var São Jorge da Mina i 1482. Dei viktigaste handelsvarene var slavar, gull, elfenbein og krydder. Den europeiske oppdaginga av Amerika i 1492 gjorde at slavehandelen utvikla seg raskt. Før portugiserane kom til Afrika hadde slavehandelen i hovudsak gått over land til Midt-Austen. Den lukrative slavehandelen og gullfunn trakk andre europearar til Guineakysten. Engelske skip kom allereie i 1533, og dei fekk snart følgje av spanjolar, nederlendarar, franskmenn , danskar og andre eventyrlystne. Kontrollen over koloniane langs Guineakysten gjekk i løpet av det 17. hundreåret frå Portugal til Nederland og seinare til Frankrike og Storbritannia. Heile kysten frå Senegal til Lagos var dekt av factorar og fort frå ulike europeiske land heilt inn i det 20. hundreåret sjølv om landområda lenger inn var blitt anten fransk eller britisk tidlegare.
Sør for munninga til Congo til Damaraland i dagens Namibia fekk portugiserane stor innverknad frå 1491 og framover, og i løpet av det 16. hundreåret var Kongoriket i hovudsak blitt kristna. Ei innvandring frå nye stammar sist på det 16. hundreåret gjorde at dette kristne riket braut saman, og portugisisk aktivitet flytta seg sørover. São Paulo de Loanda (dagens Luanda) vart grunnlagt i 1576. Før Angola vart sjølvstendig hadde portugisisk suverenitet over dette området berre blitt utfordra ein gong. I perioden frå 1640 til 1648 hadde nederland kontroll med hamnene.
Portugiserane neglisjerte det tilhøvesvis tynt folksette og fattige region Sør Afrika, men så snart dei oppdaga dei rike byane kontrollert av arbiske folk mellom Sofala og Kapp Guardafui ønska dei å kontrollere desse byane. Innan 1520 hadde alle desse islamske sultanate blitt tatt av Portugal, og Mosambique var valt som hovudsete for Portugal i Aust-Afrika. Portugal si koloniale aktivitet var ikkje avgrensa til kystområda. Zambezidalane vart utforske i løpet av det 16. og 17 hundreåret. Her traff portugiserane bantufolk som ilang tid hadde hatt kontakt med dei arabiserte folka langs kysten. Stor innsats vart brukt for å få kontroll med det som er dagens Zimbabwe, kjent for portugiserane som kongeriket Monomotapa. I dette området hadde det vore vunne ut gull sidan det 12. hundreåret. Portugal sendte fleire ekspedisjoner etter 1569 og framover. Desse ekspedisjonane fekk tak i store mengdar gull, men den portugisiske kontrollen med innlandet vart aldri særleg effektiv og vart gjeven opp i løpet 16- og 1700 talet. Då forlot portugiserane forta i Manica-distriktet.
I den tida Portugal var på høgda av makta si, hadde landet og nære relasjonar med Etiopia. Portugiserane meinte at dei hadde funne den legendariske kristne kongen John, som dei meinte var kongen av Etiopia. Nokre tiår seinare var eksistensen av eit kristent Etiopia truga av styrkene til Iman Ahmad ibn Ibrihim al-Ghazi av Adal. Styrkene til al-Ghazi var støtta av ottomanerane og hadde tilgang til kanonra og muskettar, medan Etiopia berre rådde over nokre heilt få av desse våpna. Etiopia var likevel i stand til å sigre fordi dei fekk hjelp av 400 portugiske muskettmenn under komando av Cristóvão da Gama i tida frå 1541 til 1543. Slik vart det solomoinske dynastiet bevart. I tida etterpå reiste portugisiske jesuittar til Etiopia for å få Etiopia til å vende seg frå den etiuopiske ortodokse kyrkja til katolisismen. Sjølv om kong Susenoyos av Etiopia i ein kort periode vendte seg til katolisismen, makta ikkje jesuittane å omvende landet, derimot lærte jesuittane mykje om landet. Pedro Paez i 1605 og, 20 år seinare, Jerónimo Lobo, nådde kjeldene til den Blå Nilen. I 1660 åra vart portugiserane kasta ut av Etiopia og kong Fasilides gav ordre om at alle bøkene til Frankerane skulle brennast i 1665. På denne tida mista også Portugal makt over Zanzibarkysten fordi arabarane frå Muscat tok over, og i 1730 kontrollert ikkje Portugal noko område nord for Kapp Delagdo.
Portugal gjorde ikkje noko forsøk på å ta kontroll med den sørlegaste delen av Afrika. For portugiserane var Kapp det gode håp berre eit landemerke på veg til India. Også andre sjøfarande nytta Table Bay berre som ein stad å fylle på med vatn og proviant. Det var hovudsaklege britiske og nederlandske sjølfolk som nytta bukta slik.
I 1620 tok offiserar i det britiske austindiakompaniet kontroll med Table Bay i namnet til Kong James I av England. Dette gjorde dei på eiga initiativ, og hovudsakleg for p komme nederlendarane i forkjøpet. Dei var redde for at britiske sakip seinare skulle måtte betale for vatn ol. Handlingane deira vart ikkje sett på med blide auge i London, og proklamasjonen fekk inga effekt. Nederlendarane sendte i 1651 ein liten flåte på tre skip under Jan van Riebeeck som nådde Table Bay den sjette april 1652 og grunnla den første permanente kvite busettinga i Sør-Afrika.
Portugiserane var på dette tidspunktet ikkje sterke nok til å hindre nederlenderane og britane var nøgde med å ta kontroll med Sankt Helena og brukde denne øya som stoppestad på veg til India. Sør-Afrika var på denne tida tynt busett av Buskmenn og Khoi folket. Europearane fann snart ut at området var veleigna for europeiske nyttevekstar.
I utgangspunktet var det ikkje tenkt at busettinga ved KAppet skulle bli ein afrikansk koloni, men vart rekna som ein utpost av dei Nederlandske Austindiske øyane. Likevel spreidde busettinga seg innover landet, sjølv om det magla både hamner og elver. Kolonistane var i hovudsak nederlandske hugenottar som hadde rømt frå Frankrike.
[endre] Den afrikanske slavehandelen
Den tidlegaste slavehandelen ut av Afrika gjekk tvers over Sahara og tok til i det tiande hundreåret etter at introduksjonen av kamelar frå Arabia gjorde lange handelsruter moglege. Før dette hadde det vore ein avgrensa slavehandel langs Nilen og over den vestlege ørkenen. Ulikt slavar i Amerika som i hovudsak vart nytta til fysisk arbeid, vart desse slavane i stor grad nytta som tenarar. Dette gjorde at det vart tatt like mange kvinner som menn.
Den atlantiske slavehandelen utvikla seg mykje seinare, men vart mykje større i omfang og fekk større konsekvensar. Etterkvart som portugiserane vann fram i Brasil vart det eit stort behov for arbeidskraft. Denne arbeidskrafta vart kjøpt i Vest Afrika eit område som vart kjent som Gullkysten, Slavekysten og Elfenbeinskysten. Dei fleste som vart slavar i den første tida vart det som ein konsekvens av tapte krigar mellom stammane i innlandet. Mektige kongar i Biafra, Senegal og Benin selde fangane sine til europearane for frø, krøtter, rom og kopparvarer.
[endre] Nord Afrikas historie frå 3500 fvt til 1850)
[endre] Det gamle Egypt
Det tidlegaste skriftlege kjeldene frå Afrika er frå Egypt og den eldgamle egyptiske kelenderen er framleis brukt som standard for å tidfeste jernalder- og bronsealderkulturar i regionen.
Omtrent 3100 fvt vart Egypt samla under ein herskar. Han er kjent som Mena eller Menes. Han grunnla det første av dei 30 dynastia i historia til gamle Egypt. Pyramidane i Giza nær Kairo vart bygd i det fjerde dynastiet og viser styrken i den faraoiske religionen og staten. Den store pyramiden som er grava til Farao Keops er det einaste av verdas opprinnelege sju underverk som har overlevd fram til i dag. Det game Egypt av på høgda av makta si og si territorielle utstrekning i perioden frå 1567 fvt til 1085 fvt.
Egypterane nådde Kreta rundt år 2000 fvt. I etterkant av dette vart dei invadert av indoeuropeiske og semittiske folkeslag. Egypterane vann over innvadrarane rundt 1570 fvt og ekspanderte etter dette inn i Egerhavet, Sudan og Libya. Dei kontrollerte det meste av Midt-Austen fram til Eufrat.
Det har vore diskusjonar om kor viktig den gamle egyptiske kulturen har vore for utviklinga i Afrika. Tidlege generasjonar av vestlege afrikanistar rekna den egyptiske kulturen som ein middelhavskultur som hadde liten innverknad på resten av Afrika. Nyere generasjonar av afrikanske historikarar ser dette annleis. Dei reknar Egypt som like viktig for utviklinga i Afrika som Hellas har vore i Europa. Det er tydelege spor av kontakt mellom Egypt og Etiopia og den øvre Nildalen sør for katerakta, i Nubia og Kush. Kontakt med Sahel og Vest Afrika er enno ikkje sikre spor for.
[endre] Fønikisk, gresk og romersk kolonisering
Sjølv om Nord Afrika og Afrika sør for Sahara er skilt av eit hav av sand, har områda hatt kontakt gjennom stadig endrande handelsvegar gjennom ørkenen. Fønikisk, gresk og romersk historie i Nord Afrika kan ein følgje gjennom historia til Romeriket og historia til dei einskilde romerske provinsane i Nord Afrrika. Nokre av desse var Mauretania, Afrika, Tripolitania, Cyrenaica og Aegyptus. I Nord Afrika er Etiopia den einaste staten som ikkje på eitt eller anna tidspunkt var kolonisert (med unntak av ein kort periode før og under andre verdskrigen). Landa som ligg ved Middelhavet vart kolonisert av fønikerane før år 1000 fvt. Kartago vart grunnlagt rundt 814 fvt., og vaks snart til ein av dei største byane rundt Middelhavet. Fønikarane nedkjempa berberane som likevel utgjorde størsteparten av innbyggarane. Fønikarane vart herrar over alt det dyrkbare landet i Nord Afrika vest for Syrtebukta, og vart rike gjennom handel.
Grekarane grunnla Cyrene i Libya rundt 631 fvt. Cyrenaica vaks fort og vart ein rik koloni, men fordi byen var omgjeven av ørken på alle kantar fekk han liten innverknad på resten av Afrika. Grekarane hadde imidlertid stor innverknad på Egypt. Alexandria vart grunnlagt av Alexander den store i 332 fvt og under det hellenistiske dynastiet Ptolemas gjorde grekarane forsøk på å trenge sørover og fekk noko kontakt med Etiopia.
Dei tre maktene Cyrenaica, Egypt og Kartago vart etterkvart overskygga av Romarriket. Etter fleire hundreår med rivaleri mellom Kartago og Roma fall Kartago i 146 fvt. I løpet av eit lite hundreår vart Egypt og Cyrene integrert i Romarriket. Under det romerske styret var desse områda rike og fekk eit latinsk innslag. Sjølv om Fezzan var okkupert av romarane fann dei i all hovudsak at Sahara var eit effektivt stengsel for vidare ekspansjon. Romarane nådde Nubia og Etiopia, men ein ekspedisjon som keisar Nero sendte ut for å finne kjeldene til Nilen var ein fiasko. Middelhavsfolket sin kunnskap om geografien til Afrika finn vi i skriftene til Ptolemy. Skriftene viser at dei kjente til dei store sjøane som er reservoar for Nilen, kysten langs det Indiske havet så langt som til Tanzania og at dei visste om elva Niger.
På denne tida var det stor kontakt mellom Asia, Europa og Nord-Afrika. Dette førte til spreiinga av den klassiske kulturen rundt heile Middelhavet, ein varig kamp mellom romarane og berbiske stammar, innføring av kristendom i heile regionen og kulturelle effektar av kyrkjene i Tunisia, Egypt og Etiopia.
[endre] Den mørke tidsalderen
Den klassiske tidsepoka tok slutt i og med at Vandalane invaderte og okkuperte dei romerske provinsane i Nord-Afrika i det femte hundreåret.
[endre] Islamisering
I det sjuande hundreåret skjedde dte store endringar i Nord-Afrika. Arabiske folkeslag som trudde på den nye religionen - islam - okkuperte først Egypt og sida heile Nord-Afrika og delar av Spania. Kristendomen forsvann i all hovudsak frå Nord-Afrika. Det einaste unnataket var den koptiske kyrkja som overlevde i Egypt, og i Nubia som ikkje vart okkupert. På eit tidspunkt truga Etiopia med å stenge av kjeldene til Nilen om ikkje kopterane i Egypt fekk halde fram med å tru på religionen sin.
I det åttande, niande og tiande hundreåret var det ikkje svært mange arabarar i Afrika. Områda vart kontrollert gjennom millitær overlegenheit. I det ellevte hundreåret kom det ei stor arabisk innvandring til Nord-Afrika. Dette førte til ei absorbering av den berbiske kulturen. Sjølv før denne innvandringa hadde mange berberar overtatt språket og religione til dei arabiske overherrane. Arabisk innflytelse og islamsk religion vart ein heilt sentral del av Nord-Afrika. Både arabarane og religionen spreidde seg sørover gjennom Sahara. Arabarane slo og rot langs den austlege kysten. Der etablerte både arabarane, persarane og inderane etablerte koloniar der. Mombasa og Malindi i Kenya, og Sofala i Mosambikk var slike koloniar. Desse byane spelte ei liknade rolle på austkysten som den rolla Kartago hadde hatt lang Middelhavet mykje tidlegare. Inntil det 14. hundreåret var desse byane i hovudsak ukjente for arabarane i Nord-Afrika og europearane.
Dei første arabarane som invaderte Nord-Afrika anerkjente Kalifen i Bagdhad, og Aghlabite dynastiet som overhovud. Aghlabitedynastiet var grunnlagt av Aghlab. Aghlab var ein av generalane til Haroun al-Raschid. Aghlabitane styrte Nord-Afrika som ein vassal av Kalifen. Imidlertid etablerte eit nytt dynasti seg i Egypt i det tiande hundreåret. Dette Fatimiddynastiet styrte frå Egypt til Atlanterhavet. Seinare overtok Almoravidane og Almohadane. Etterkvart tok Tyrkia over. Tyrkia tok Egypt i 1517. Tyrkia etablerte mellom 1519 og 1551 regentar i Algeri, Tunisia og Tripolitania. Marokko besto som ein uavhengig arabisert berberstat under Sharifandynastiet.
Under dei tidlege dynastia nådde arabisk kultur eit høgt nivå, og misjonsiveren til tilhengjarane av islam førde til at kunnskapen av kontinentet vart sterkt utvida. Dette vart gjort enklare gjennom at dei nytta kamelar. Kamelar vart først introdusert i Afrika av persiske erobrarar av Egypt. Kamelane gjorde det mogleg å reise gjennom ørkenane. På denne måten fall Senegambia og dei midtre regionane i Niger under innflytelse av arabarane og berberane.
Islam spreidde seg og gjennom det indre av Vest-Afrika som religionen til mansaane i Mali- riket omtrent i tida frå 1235 til 1400 og som religionen til herskarane av Songhai-riket i tida frå 1460 til 1591. Etter den berømte hajjen til Mansa Musa i 1324 vart Timbuktu kjent som eit senter for teologiske studiar og og som Sub-Saharas første universitet. I 1352 vart byen først nådd av ein arabisk reisande, Ibn Battuta. Reisa hans til Mombasa og Quiloa eller Kilwa skaffa fram dei første nøyaktige kunnskapane i Arabia om dei rike islamske byane på austkysten av Afrika
Med unntak av austkysten som vart kolonisert direkte frå Asia, vart den arabiske framgangen stoppa av eit breidt belte av tjukk skog som strakk seg over heile kontinentet sør om 10° nordleg breidde. Regnskogen avskar dei frå kunnskap om Guineakysten og resten av Afrika. Ein av dei siste regionane som kom under muslimsk styre var Nubia, som hadde vore kristent fram til det 14. hundreåret.
I ei tid hadde dei muslimske framgongane i Sør-Europa gjort Middelhavet til ein islamsk innsjø. Men i det 11. hundreåret var Sarasenane kasta ut av Sicilia og Sør-Italia av normannarane, dette vart følgt av at erobrarane av Tunisia og Tripoli mista ein del av makta si. Noko seinar utvikla Venezia, Pisa og Genova viktige handelssamband med Egypt og resten av Nord-Afrika. Ved slutten av det 15. hundreåret hadde muslimane blitt kasta ut av Spania. Og enno medan maurarane stod i Granada var Portugal sterkt nok til å gå til åtak på Afrika. I 1415 tok ein portugisisk styrke Ceuta og etter dette var Portugal stadig innblanda i det som skjedde i Marokko. Spania fekk etterkvart kontroll mmed fleire hamner i Algeri og Tunis.
I 1578 lei Portugal eit stort nederlag i slaget ved al Kasr al Kebir, og maurarane leia av Abu Marwan Abd al-Malik, den første av Saadi-dynastiet. På denne tida hadde også spanjolane tapt dei fleste fotfesta dei hadde i Nord-Afrika.
[endre] Europeisk oppdaging og kontroll
[endre] Europeiske utforskarar på 18-talet
Napoleonskrigane gjorde at europearane hadde lite energi å bruke på Afrika. Men utfallet av desse krigane skulle få stor innverknad på Afrika. Okkupasjonen av Egypt frå 1798 til 1803 først av Frankrike og sida av Storbritannia førte til at Tyrkia gjorde forsøk på å reetablere reell kontroll i landet. Dette førte igjen til at Mehmet Ali var i stand til å etablere ein så godt som sjølvstendig stat i 1811. Etterkvart (ca. 1820) fekk Egypt og kontroll over dei austre delane av Sudan. I Sør-Afrika hadde napoleonskrigane ført til at Storbritannia tok kontroll med dei nederlandske områdane rundt kappet og i 1814 var Kappkolonien formelt gjeve frå Nederland til Storbritannia.
I mellomtida hadde det skjedd store endringar andre stadar på kontinentet. Frankrike okkuperte av Algerie i 1830, noko som gjorde slutt på piratverksemda til Berberiet, og Egypt utvida den politiske kontrollen sørover, og auka med dette kunnskapen om Nilen. Byen Zanzibar på øya med same namn vart viktigare. Forteljingar om ein stor innsjø og oppdaginga misjonærane Johann Ludwig Knapf og Johann Rebmann gjorde av dei snødekte Kilimanjarofjella og Kenya, gjorde at europearar vart interesserte i å lære meir om kontinentet.
På midten av det 19. hundreåret dreiv protestantiske misjonærar eit aktivt arbeid langs Guineakysten, i Sør-Afrika og i Zanzibar. Dette vart gjort i område som var lite kjent i Europa, og i mange tilfelle vart misjonærane vel så mykje oppdagarar og pionerar for handel og imperiebygging. Ein av dei første som forsøkte å fylle dei kvite felta på dei europeiske karta var David Livingstone. Han hadde sidan 1840 vore misjonær i områda nord for Oransjeelva. I 1849 kryssa Livingstone Kalahariørkenen frå sør til nord og nådde Ngamisjøen. Mellom 1851 og 1856 kryssa han kontinentet frå vest til aust. Dette gjorde dei store flodane i øvre Zambezi kjent. I løpet av desse reisene oppdaga Livingston Viktoriafossane i november 1855. Han kalla fossane opp etter Dronning Victoria. I perioden mellom 1858 og 1864 utforska han nedre Zambezi med Shireelva og Nyasasjøen. Nyasasjøen hadde først blitt nådd av ein av slavane til Antonio da Silva Porto. Porto var ein portugisisk handelsmann som hadde etablert seg i Bihe i Angola. Porto kryssa kontinentet mellom 1853 og 1856 frå Benguella i Angola til munninga av Rovumaelva. Hovudmaålet for mange av oppdagarane var å finne kjeldene til Nilen. Ekspedisjonar leia av Richard Francis Burton, John Hanning Speke og James Augustus Grant fann Tanganyikasjøen og Viktoriasjøen. Seinare vart det bevist at Viktoriasjøen var kjelda til Nilen.
Henry Morton Stanley hadde i 1871 klart å finne Livingstone som hadde blitt borte på ein av sine ekspedisjonar. I 1874 utforska han Zanzibar og segla rundt Viktoriasjøen og Tanganyikasjøen. Han reiste vidare inn i kontinentet og følgte Lualabaelva til Atlanterhavet som han nådde i 1877.
Oppdagarar var og aktive i andre delar av kontinentet. Det sørlege MArokko og Sahara vart kryssa i mange retningar mellom 1860 og 1875 av Gerhard Rohls, Georg Schweinfurth og Gustav Nachtigal. Desse oppdagarane gav oss store geografiske kunnskaper og kunnskap om språk og folk som budde i regionen. Desse reisene bekrefta gamle greske legendar om at det fanst både pygmear og gorillaer.
[endre] Oppdelinga av Afrika mellom dei europeiske maktene
I løpet av dei siste 25 åra av det 19. hundreåret vart kartet over Afrika totalt endra. Delingsliner, ofter trekt gjennom ukjent villmark viste kva område som var eigd av Tyskland, Frankrike, Storbritannia og andre makter. Jarnbaner vart bygd og opna opp Afrika for vestleg okkupasjon.
Årsaken til koloniseringa finn ein i den politiske situasjonen i Europa. Tyskland var nettopp samla under prøysisk styre i etterkant av den fransk-prøysiske krigen i 1870 ville skape seg nye marknader for den veksande industrien og ville ikkje vere dårlegare enn andre europeiske land med store koloniar.
Tyskland var det siste landet som prøvde å skaffe seg koloniar. Og, når Otto von Bismarck den tyske kanslaren ville delta i konkurransen var Afrika det einaste området som ikkje var delt mellom europeiske stormakter. Ein av grunnane til at Tyskland kasta seg inn i konkurransen var at dei europeiske elitane tok til å sjå at jorda ikkje var uendeleg stor, og at dei sterkaste ville dominere. Innverkninga frå sosialdarwinismen var sterk og trua var at landa måtte velje mellom vekst eller undergang.
Av ulike grunnar var 1870-krigen og stratskotet for nye franske kolonieventyr. Det å skaffe seg koloniar vart sett på som ein måte å igjen bli rekna som ei stormakt, og var einaste måten å vinne att det landet hadde tapt i Europa. Storbritannia, Portugal og Italia kunne ikkje sitte å sjå på at Tyskland og Frankrike tok kontroll med Afrika.
Det var likevel ikkje stormaktene som sette i gang stormløpet for å skaffe seg kontroll med Afrika. Den tvilsame æra går til Kong Leopold II av Belgia. Oppdagingane til Stanley og Livingstone vart spesielt lagt merke til av to klassar i Europa. Det eine var handelsmenn og industrialistar som såg for seg store nye marknader, på den andre sida filantropar og misjonærar som såg for seg at det var millionar av menneske som skulle frelsast og siviliserast. Det var kombinasjoene av desse to måla som gav Leopold II ideen om å ta kontroll med Kongo. Han klarte å skaffe seg kontroll med Kongo, men dette provoserte Frankrike og Tyskland. Dermed var stormløpet i gang.
[endre] Konflikt mellom ambisiøse europeiske makter
I 1873 stengte den største slavemarknaden i Afrika i Zanzibar.
Leopold II var i hovudsak interessert i dei ekvatoriale regionane i Afrika. I 1876 tok han det første definitive steget i den moderne oppdelinga av Afrika. Han kalte inn til ein konferanse i Bryssel. Representantar frå Storbritannia, Belgia, Frankrike, Tyskaland, Austerrike-Ungarn, Italia og Russland. Målet med konferansen var å finne dei beste metodane for å vestleggjere Afrika og opne opp kontinentet for handel og komersielle interessar. Konferansen var uoffisiell og delegatane representerte ikkje styresmaktene i heimlandet sitt. Konferansen varte i tre dagar og førte til grunnlegginga av "Den internasjonale afrikaorganisasjonen". Organisasjonen fekk hovudkontor i Bryssel. Vidare vart det avgjort at det skulle etablerast nasjonale komitear i kvart einskild europeisk land som skulle skaffe pengar og delegatar til den internasjonale organisasjonen. Den sentrale ideen var at oppdaginga og utforskinga av Afrika skulle vere internasjonal. Det vart tidleg klart at dette ikkje var råd å få til. Organisasjonen utvikla seg snart til å vere reint belgisk og vart etterkvart Fristaten Kongo, personleg styrt av Kong LEopold II. Dette styret skulel vise seg og bli kanskje det mest barbariske og dødelege kolonistyret i Afrika. Dette er mellom anna dokumentert i "King Leopolds Ghost" av Adam Hochscild.
Etter den første Boerkrigen som var ei konflikt mellom Storbritannia og boerane i Sør-Afrika fekk boerane i fredstraktaten frå 23. mars 1881 sjølvstyre under britisk overoppsyn.
I tida før 1884 hadde det vakse fram ei overtyding om at dei europeiske stormaktene i Afrika måtte bli samde om spelereglane. Dette skulle skje på ein konferanse i Berlin.
[endre] Berlinkonferansen 1884-85
Etter 1885 heldt kappløpet om Afrika fram. I løpet av dei siste 15 åra av hundreåret vart oppdelinga komplett.
Soldatane til Kong Menelik II klarte å halde dei italienske styrkane ute av landet, og Etiopia var det einaste afrikanske landet som ikkje kom under europeisk kontroll.
Ikkje eit einaste afrikansk land eller styresmakt deltok i oppdelinga av Afrika eller vart høyrt i prosessen. Det vart skrive internasjonale avtalar som såg heilt bort frå den etniske, sosiale eller økonomiske situasjonen i Afrika. Dette ville få konsekvensar seinare når dei afrikanske landa vart sjølvstendige innafor dei grensene som dei europeiske stormaktene hadde trekt.
[endre] Det 20. hundreåret: 1900-1945
[endre] Afrika i byrjinga av det 20. hundreåret
Heile Afrika var kontrollert av europearar med unntak av Etiopia og Liberia.
Dei europeiske landa styrte koloniane sine på ulike måtar. det var ulikt ambisjonsnivå og ulikt kor stor kontroll dei hadde. I dela av britisk Vest-Afrika var kontrollen svak og handla i hovudsak om å hente ut ressursar. I andre delar hadde dei europeiske landa ein meir langsiktig plan.
I desse områda vart ofte europearar oppfordra til å slå seg ned. Dette skape landnåmsstatar der ein europeisk minoritet kom til å dominere landet. Det var berre nokre heilt få land at europearar slo seg ned i store nok tal til å ha stor påverknad. Dette gjaldt dei britiske koloniane i britisk austafrika. Noverande Kenya, Zambia og Zimbawe i tillegg til Sør-Afrika. I Sør-Afrika var det tidleg mange europearar som slo seg ned. Dei første var boarane frå Nederland. I den andre Boarkrigen mellom Storbritannia på den eine sida og Oranje Fristaten og Transvaalrepublikken på den andre sida prøvde boarane å unngå å bli ein del av det britiske imperiet. Dette lukkast dei ikkje med.
Frankrike planla å busette Algeri og etterkvart gjere Algeri til ein integrert del av Frankrike. Nærleiken til kolonistaten gjorde denne tankegangen mogleg.
I dei fleste områda hadde ikkje koloniadministrasjonen nok folk eller ressursar til å kontrollere landområda. Det måtte ty til eksisterande styringsstrukturar for å få hjelp til å administrere. Ulike gruppar innafor koloniane utnytta dette, og prøvde å vinne fordelar for seg sjølv og sine grupper gjennom samarbeid med kolonimakta. Ein del av dette var oppfinning av tradisjonar (etter Terence Ranger) for å legitimere maktkrava sine både overfor kolonisatorane og overfor sine eigne. Eit resultat av dette var at mange samfunn braut saman.
Under første verdskrigen var det fleire slag mellom Storbritannia og Tyskland i Afrika. Det meste kjente slaget er slaget ved Tanga, og ein langvarig geriljakrig av den tyske generalen Paul von Lettow-Vorbeck i Tysk Aust-Afrika (dagens Namibia).
[endre] Mellomkrigstida
Etter første verdskrigen tok Storbritannia over dei tyske koloniane i Afrika.
På denne tida vaks det fram ei kjensle av patriotisme og nasjonalisme mellom afrikanske intellektuelle og politikarar. Noko av inspirasjonen for dette var at europeiske land hadde vore avhengige kolonitroppar for å trygge seg sjølve. Mange i Afrika forstod no hadde dei faktisk hadde makt andsynes kolonimaktene sine. Mytane om at europearane var uovervinneleg vart og øydelagt av barbariet i skyttergravene. Europeisk kontroll var likevel i all hovudsak sterk i denne perioden.
I 1935 gjekk italienske troppar etter ordre frå Benito Mussolini inn i Etiopia og okkuperte den siste afrikanske staten som ikkje var under europeisk kontroll.
[endre] Andre verdskrigen
- Denne bolken har enno ikkje noko innhald. Skriv gjerne om du kan noko om dette.
[endre] Postkoloniale æra: frå 1945 til notida
[endre] Avkolonisering
Avkoloniseringa av Afrika tok til med Libya i 1951, sjølv om Liberia, Sør-Afrika, Egypt og Etiopia hadde oppnådd sjølvstende tidlegare. Mange land følde etter på femti- og sekstitalet. Toppåret var 1960 då ein stor del av fransk Vest-Afrika oppnådde sjølvstende. Dei fleste koloniane vart sjølvstendige i løpet av sekstitalet. Nokre land, spesielt Portugal ønska ikkje å frigje sine koloniar. Dette førte til fleire bitre krigar for sjølvstende. Dei siste afrikanske landa til å oppnå sjølvstende var Guinea-Bissau frå Portugal i 1974, Mozambique frå Portugal i 1975, Angola frå Portugal i 1975, Djibouti frå Frankrike i 1977, Zimbabwe frå Storbritannia i 1980 og Namibia frå Sør-Afrika i 1990. Seinare vart Eritrea skilt ut frå Etiopia i 1993.
Mange afrikanske byar vart anten grunnlagt, utvida eller gjeve nytt namn av kolonimaktene. Mange av desse fekk nytt namn etter sjølvstende, døme kan vere Stanleyville, Leopoldville og Rhodesia.
[endre] Postkolonial tilhøvet til Europa
[endre] Aust-Afrika
Mau mau opprøret tok plass i Kenya frå 1952 til 1956 og vart slått ned av britiske og lokale styrkar. I 1963 vart Jomo Kenyatta den første presidenten i eit sjølvstendig Kenya.
Tidleg på 1990-talet kom signala om store motsetnader mellom hutuar og tutsiar i Rwanda og Burundi. I 1994 resulterte dette i eit folkmord der meir enn ein million menneske dødde.
[endre] Nord-Afrika
I 1954 fekk Egypt eit styre som var negativt innstilt til USA. Det same skjedde i Libya i 1969. Egypt vart styrt av Gamal Abdel Nasser og Libya av Moammar al-Qadhafi. Qadahfi sit framleis med makta i Libya (2006).
Egypt var involvert i fleire krigar mot Israel i allianse med andre arabiske land. Den første krigen var rett etter at Israel vart grunnlagt i 1947. Egypt gjekk til åtak igjen i 1967 og i 1973. Desse krigane førte til at Egypt mista Sinaihalvøya til Israel. I 1979 skreiv Anwar Sadat og Menachem Begin under ein fredsavtale på Camp David som gav Sinahalvøya attende til Egypt. Sadat vart myrda i 1981 for å ha inngått fredsavtale med Israel.
[endre] Det sørlege Afrika
Sør-Afrika I 1948 innførte Sør-Afrika apartheidlovar under leiing av nasjonalistpartiet og Verwoerd. Desse var i hovudsak ei fortsetting av tidlegare politikk, men den store skilnaden var at ein no segregerte rasane og såg for seg separat utvikling for dei etniske gruppene. Tidlegare hadde ein hatt ein politikk for å undertrykke den afrikanske majoriteten økonomisk var apartheid ein filosofi om separate rasar og ulike mål for dei ulike rasane. Dette førte til ideen om "heimland" såkalla bantustan.
Dette førte til at Sør-Afrika vart utsett for internasjonale sanksjonar og ein intern kamp leia av ANC. I 1994 tok apartheid endeleg slutt i Sør-Afrika og Nelson Mandela kom ut av fengsel etter 27 år og vart valt til president i det første valet der også svarte og farga kunne røyste.
[endre] Vest-Afrika
Etter den andre verdskrigen blomstra nasjonale rørsler over heile Vest-Afrika. Sterkast i Ghana under Kwame Nkrumah. I 1957 vart Ghana den første kolonien sør for Sahara som oppnådde sjølvstende. Året etter fekk dei franske koloniane sjølvstende. I 1974 var alle landa i Vest-Afrika blitt sjølvstendige. Etter sjølvstende har mange vestafrikanske land vore plaga av politisk korrupsjon og ustabilitet. Borgarkrigar har rasa i Nigeria, Sierra Leone, Liberia og Cöte d'Ivoire. Ghana og Burkina Faso har vore utsett for ei rad millitærkupp. Mange land har ikkje makta å utvikle seg økonomisk trass i store ressursar. AIDS er eit veksande problem i heile Afrika.