Ablativ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ablativ er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til ablativ er frå, ut av. Ablativ finst i latin, finsk og i andre austersjøfinske språk. Eit døme frå finsk er Vauva putosi pöydältä "Spedbarnet datt ned frå bordet" (pöytä, "bord").