Øy-Blikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øy-Blikk er ei lokalavis som vert utgjeven i Giske kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Det er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, og som dekkjer dei fire øyene Valderøya, Vigra, Giske og Godøya. Avisa vert redigert på nynorsk.
Øy-Blikk vart etablert av Odd Egil Valderhaug i oktober 1985. Øy-Blikk kjem ut kvar torsdag og har eit netto-opplag i 2005 på 1.760. Det er Orkla Trykk i Molde som trykkjer avisa.
Øy-Blikk har fire fast tilsette som utgjer 3,6 årsverk.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |