Áššu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Áššu er ei samiskspråkleg avis som kjem ut i Kautokeino to gonger i veka. Ho vart starta opp for å vere ein motvekt til den dåverande monopolisten Min Áigi, og også for å gjere Kautokeino meir synleg på det samiske pressekartet, og få pressevinklinga derifrå. Dekningsområdet er heile det samiske området i Noreg, Sverige og Finland.
I ein periode trykte avisa korte samandrag av kvar artikkel på norsk, denne praksisen her dei no gått bort i frå.
Avisa utgis av Sámi Aviisa AS som igjen blir eigd av Nordavis AS (35,0%), Norske Samers Riksforbund (32,5%) og Norske Reindriftssamers Landsforbund (32,5%). Ansvarleg redaktør er Anders J. Bals.
[endre] Opplag
- 2002: 1 129
- 2003: 1 117
- 2004: 1 084
- 2005: 1 021
[endre] Eksterne lenkjer
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |